Ei hoppe A-premiert for avkom, ei 1.premie hoppe og mange gilde 2. premiehoppervart resultatet av 2010-utstillinga på Kaupanger Travbane. Her kjem resultatoversikta, bildene må me ha litt lengre tid på å gå igjennom, men den vert lagt ut litt etter kvart.... So følg med!  Maibrona, e. Bronson 1. pr. 1. kv. og Dagens Hest på Kaupanger. Eigar Elin Anita Gjerde mønstrar. Maibrona vart Dagens Hest på hestesjået på Kaupanger Travbane sist laurdag. Dommartrioen Ole H. Stastad, Arne Hjelmeland og Sjur Haugen gav den 8-år gamle hoppa til Elin Anita Gjerde svært gode poeng med 10-are både på rasetype\preg og kropp\muskulatur, og ho fekk med desse sterke poenga, tildelt 1.premie og stod som nr. 1 i kvalitet i eldste klasse på utstillinga. Hoppa gjekk òg til topps i konkurransen om å verte Dagens Hest på utstillinga. I tillegg mønstra Elin Anita ”gamle-mor” i stallen; Sogna Blæsa, til avkomstvurdering denne dagen. Om Sogna Blæsa sa dommarane at det var ei ungdommelig hoppe på 17 år med ”godt ekstriør og meget gode bevegelsar”, og hoppa prega sine 9 avkom med dette. Hoppa vart belønna med Avkomstgrad A. Laurdag vart difor nok ein stor dag i utstillingsringen for Leikangerjenta; Elin Anita Gjerde og hestane hennar. Ellers hadde Kombiutstillinga mange, men småe klassar med hestar med jamnt over mykje god kvalitet. Dommarane delte ut tilsaman 1 førstepremie, 5 andrepremiar og 2 tredjepremiar, og mange av unghestane vart sett i kvalitet. 2-års hingsten Møllargutten til Bjarte Stedje fekk god omtale, sløyfe og vart sett i kvalitet, medan halvsøstra til hingsten, Snuppao til Linn Therese og Tove Solheim, gjekk til topps i klasse 6 med ein fin 2. premie etter å ha levert ei mykje god køyreprøve med Steinar Hoflundsengen bak taumane i vogna. Lina Hofslundsengen vart kåra til Beste mønstrar på utstillinga etter å ha mønstra 2 hestar på beste vis. Ho mønstra både Snuppao og 2-års hingsten Sogna Bron. Beste køyreprøve for dagen vart utført av 3-års hoppa Skogstad Mai til Siw H. Eriksen, Gol. Dei køyrde inn til 45 av 50 poeng, men eksteriørmessig vart det kun ein 3. premie til hoppa denne dagen. I unghestklassa trekte dommarne fram spesielt 2 av åringshoppene; Lilill til Jorunn Liheim og Gjerde Svarta til Erling Gjerde. Begge vart sløyfehopper og sett i kvalitet. Gjerde Svarta vart best likt og fekk dagens høgste poengsum med totalt 47 poeng. I år vart det stilt 4 fjordhestar av svært høg kvalitet på Kaupanger der 3-års hoppa Lita Mo til Harald Løtuft frå Førde toppa det heile. Hoppa fekk høge ekstriørpoeng, gjennomførte ei solid bruksprøve og vart belønna med 2. pr. og stilt i kvalitet. www.dolehesten.no/2007/images/stories/Sogndal/pdf/utstilling2010.pdf  Sogna Blæsa, e. Teig Jo fekk avkomstgrad A på utstilling. Eigar: Elin Anita Gjerde  Møllar Gutten, e. Bekkebrunen fekk sløyfe og vart stilt i kvalitet for eigar Bjarte Stedje.  Snuppao, e. Vollaug Sølve vart stilt som nr. 1 i kvalitet i klasse 6 med ein 2. premie. Eigar: Linn Therese Solheim og mønstrar Lina Hofslundsengen  Skogstad Mai, e.Lauvrudprinsen hadde beste køyreprøve og fekk 3. pr. Eigar Siw H.Eriksen  medan Teigens Gjøril, e. Vollaug Sølve var stilt som spiss i 3-årsklassa og fekk 2. pr. Eigar\mønstrar: Ann Kristin Teigen  Åringshoppene: Lilill, e.Stalheimsblæsen og Gjerde Svarta e. Smedsmo Knekten vart begge stilt i kvalitet.  Bronsi, e. Bronson fekk sløyfe i åringklassa. Eigar: Kjell Elvagjeng Mønstrar: Jeanett Skophamar  Vetlegulla, e. Bekkebrunen er ei stor 2-års hoppe som dommarane likte godt. Hoppa til Berit Flatheim vart stilt i kvalitet i 2-årsklassa.  Ospeluna, e. Georg med føl e. Myklaren fekk fornya 2.premien sin og slit som nr. 2 i kvalitet. Mønstrar: Marianne Vikheim Eigar: Ingunn Skeide.  Lille My, e. Myklar 3.pr. Eigar: Jorunn Liheim Mønstrar: Osvald Hildeskor  Skrims Heidi, e.Randsvarten fekk 2 pr. 1.kv. for mønstrar og eigar: Mai Eli Bolstad. Føll e. Myklaren.  Hestekaren Kjell Elvagjeng hadde 75-års dag på utstillingsdagen og Sogndal Hestealslag gjorde litt stas på medlemet sitt med ei lita gåve. Her overgjev nestleiaren i Hestealslaget, Johannes Opheim, gåva til Kjell i det åringshoppa hans får sløyfa si. |