Avlshingstar brukt i Sogndal og Indre Sogn.
Frå ca. 1970 og fram til i dag er det Sogndal Hestealslag i samarbeid med gamle fylkeslaget Sogn Dølehestlag, som stod for det organiserte avlsarbeidet i sognebygdene. Hingstane som var brukt før den tid er dels lagshingstar og dels hingstar i privat eige som vart brukt til Sognahoppene. Johannes Elvagjeng (1933-2005) var lenge primus motor i hesteavlsarbeidet i Sogndal. Han var lokallagsleiar i Sogndal Hestealslag i ei lang tid der det var stor nedgang i antal avlshestar, og hesten vart bytt ut med traktoren på mange gardsbruk. Johannes var og leiar i fylkeslaget Sogn Dølehestlag i mange år. Johannes var den som reiste på hingsteutstillingar og hadde kontakt med gamlekarene i Landslaget for Dølehest. Han plukka ut lagshingst i samarbeid med statskonsulenten, stod for vårstasjon og hoppeslepp, først i Frudalen og seinare i Laugi. Når det var unghestsjå og hoppeutstillingar i Sogndal, var det Johannes som leda dugnadsarbeid i forkant utstilling, ordna med transport av hestane til utstillinga og var stemneleiar på sjølve utstillingsdagen. Han var ein meistar til å dra med seg folk, og på denne måten holdt han liv i dølehestavlen i Sogndal og omegn, i ei tid der hesten mange stader var litt ut. Det takkar me som no fører denne arven vidare, Johannes for. Johannes hadde ein avlsstrategi på å bruke gode hingstar både 2 og 3 år, for på den måten som han sa, ikkje å bruka opp avlsmaterialet so fort. Dette viser seg at var ein god måte å drive avl på, so den dag i dag brukar Sogndal Hestealslag same strategien med å bruke ungehestar i 2 år, til ei viss grad. Det gjer at me no ikkje har so store problem med innavl som mange område austaføre har. Me prøver å vere bevisste i valet av hingst, og ikkje berre sveipe litt inn i alle hingstelinjer utan å tenke konsekvens. Samtidig etterlyser me litt meir fokus på stammar og linjer på hingsteutstillingane og blant kåringsnemnda. Dei siste åra har det vore svært få linjer å velgje i mellom blant dei kåra 3-årshingstane. Dette må vere uheldig for innavlsproblematikken i dølehestavlen som me snakka om for nokre år sidan! Med bakgrunn i det eg har skrive ovanfor, har me i dag, det som me sjølve karakteriserar som eit godt og avlsinteressant hoppemateriale i Sogndal. Hjelp oss med å få ein breiare døleheststamme. 
Bekkebrunen bedekker 3-årshoppa Dvergedøla ved Dalavatnet i Sogndalsdalen Her er ei oversikt over brukte hingstar i Sogndal og omegn for ein lang periode bakover:
2008 N-05-2069 MYKLAREN KÅRA 1 kv.
2007 N-03-2021 BEKKEBRUNEN 2. pr. 2006 N-01-2143 VOLLAUG SØLVE 2. pr. 2005 N-01-2143 VOLLAUG SØLVE 2. pr. 2004 N-01-2027 MYKLAR 2. pr. 2003 N-99-2049 GEORG 2. pr. 2002 N-90-2105 FRØYVIN 3. pr. 2001 N-94-2063 JONSVARTEN 1. pr. 2000 N-94-2063 JONSVARTEN 1. pr. 1999 N-96-2073 HALLINGBLÅEN 3. pr. 1998 N-93-2103 STALHEIMSBLÆSEN 2. pr. 1997 N-93-2103 STALHEIMSBLÆSEN 2. pr. 1996 N-90-2111 SPJOTIND 2. pr. 1995 N-88-2007 SKOGLY PRINS 2. pr. 1994 2309DH BORGVIND 2. pr. 1993 N-89-2003 BJONTIND 2. pr. 1992 N-93-2103 TEIG JO 3. pr. 1991 3506DH VIGVIND 2. pr 1990 3506DH VIGVIND 2. pr. 1989 3506DH VIGVIND 2. pr. 1988 2159DH ENGVAR 2. pr. 1987 2159DH ENGVAR 2. pr. 1986 2159DH ENGVAR 2. pr. 1985 2334DH HAUGDØLEN 2. pr. 1984 2334DH HAUGDØLEN 2. pr. 1983 1980DH SKARDØLEN 1. pr. 1982 2189DH ELTINN 3. pr. 1981 2274DH LISEJAHN 2. pr. 1980 2249DH FOSSEBRUN 3. pr. 1979 2033DH TINJAR 1. pr. 1978 2065DH HALLINGBORKEN 1. pr. 1977 2122DH FRØIAR 2. pr. 1976 1921DH KONGSVINGER TRON 3. pr. 1975 1921DH KONGSVINGER TRON 3. pr. 1974 1921DH KONGSVINGER TRON 3. pr. 1973 2030DH HAUGTIN 1. pr. 1972 2030DH HAUGTIN 1. pr. 1971 2030DH HAUGTIN 1. pr. 1970 1905DH ELLAR 1. pr. 1970 1916DH LYDAR ?. pr. 1969 1903DH ØLVARD ?. pr. 1968 1967 1966 1871DH LAILARUGGEN 3. pr. 1965 1870DH HAUGIN 1. pr. 1965 1908DH BLÅTIND ?. pr. 1964 1833DH HENSVARTEN 1963 1962-58 1806DH EIDANG 1961 1877DH FLICKAS SØNN 1961 1702DH HAFSLOSVARTEN 1960 1813DH SKARTIND 1960 1821DH LUBBAR 1952,1956, 1954,1957 1708DH LIULF 1947,1948, 1952,1954 1677DH SAMBUN 1949 1699DH FALK 1942-1950 1505DH KVÅLSRAUDEN 1943 1379DH IGEL 1938,1940, 1943 1368DH SYGNAR 1943 GJESTVIN 1943 1477DH GRINIGUBBEN 1010DH DURIN 1942 FAKSE 1942 1448DH SKARSTAN 1940 1651DH LUNDIN 1938,1940 1366DH SKÅRVE 1937 1279DH HÅKAR 1936 1256DH JENVAR 1933,1930 1248DH STAUR 1926 990DH LENDERMAND 1925 1020DH HALLINGKONGEN 1923 1132DH BERDØLEN 1907 558DH SKAGASTØL |