Dølehesten

Dølehesten er den største av Norges 4 nasjonale hesteraser.
Den er en godmodig, arbeidsvillig, lettforet og ikke minst vakker hest.
Rasen gir muligheter for bruk til ulike formål som bl.a ridning, kjøring og arbeid i skogen.
Hjem arrow Sogndal arrow HESTEDAGANE 2008 i Sogndal
HESTEDAGANE 2008 i Sogndal Skriv ut E-post

HESTEDAGENE 2008 VERT FORDELT PÅ 2 HELGAR I ÅR.

Invitasjon/plakat Hestedagane 2008: www.dolehesten.no/2007/images/stories/Sogndal/invit_hest08.pdf

Laurdag 13. september går del 1 med hoppe- og følsjå av stabelen. 29 hopper er påmeld til sjået. Blant dei påmelde er det dølehestar, fjordhestar, nordlandshestar, kaldblodstravarar, shetlandsponniar og heile 4 welshar fordelt på sec. A, B og C. Klassane er ikkje så forferdeleg store og dølehestane er dominerande hjå oss som vanleg. I klasse 4 døl er det påmeld 5 hopper, i klasse 5: 6 hopper, i klasse 6: 4 hopper og i klasse 7: 4 hopper.

Turid Helfjord frå NHS er oppsett som bestyrar for sjået og ekstriørdommarar er: Ingunn Elvestad, Sjur Haugen og Vermund Lyngstad. Køyreprøvedommar er Kristen Vines og Rideprøvedommar er Turid Helfjord.

Føreløpig program er:
                  Kl. 10.00    Einskilddømming og bruksprøvar. Klassevis mønstring.                          
                  Kl. 13.00    Matpause.
                  Kl. 14.00    Følsjå/Dømminga held fram.
                  Kl. 15.30    Klassevis mønstring, kvalitetsoppsetjing og premiering.

Me ynskjer alle årets føl velkomne til følsjå (med el. uten mor).
Påmelding til dette vert til Marianne mob. 99 22 96 63 innan 10/9. Påmeldingsavgift kr 100,-.
Image
Lise og Vindar var på følsjå ifjor...

Helga og Hildegunn m.fl. ordnar med kiosksalet, og sjølvsagt vil det verte mogelegheit for borna å få seg ein ridetur i løpet av dagen.

Om kvelden arrangerar Hestealslaget Open Medlemskveld i "klubbhuset" på Travbana. Der legg me vekt på å ha ei kjekk og uhøgtidleg kveldsstund i lag. Me har litt lysbildeframvisning frå diverse hesteaktivitetar siste året, og dessutan planlegg styret i laget fellesaktivitetar ilag med Jøkull Islandshesforening til neste år som de vil få litt meir info om. Det vil verte matservering, so kanskje me må ha ei form for påmelding. Følg difor med på oppslag eller opprop i speaker om dette på utstillingsdagen....

Vel Møtt! Coolis

Hestedagane del 2, vert laurdag 11. oktober med Brukshestkøyring og Ridning. Junior og seniorklassar.
Påmelding innan 3/10 til Marianne mob. 99 22 96 63.
Me kjem tilbake til klokkeslett og fastlagt program seinare.

 
< Forrige   Neste >
© 2010 Landslaget for dølehest
Joomla! is Free Software released under the GNU/GPL License.