Invitasjon til å vere med i forprosjekt på utdanning av unghest

 

 Vi treng ferdig utdanna hestar frå dei nasjonale hesterasane å tilby marknaden. Raseorganisasjonane for dei tre nasjonale hesterasane samarbeider difor med Norsk Fjordhestsenter om eit forprosjekt på utdanning av unghest. Kan det vere aktuelt for din hest?

 Målet med Prosjekt Kvalitetshest er å utdanne trygg kvalitetshest for nye hesteeigarar/unge brukarar, for å redusere talet på ulykker med hest og tilby marknaden tryggare hestar av nasjonal rase som har gått gjennom eit kvalitetssikra utdanningsløp. Dei tre nasjonale hesterasane er særleg godt eigna til utdanningsprosjektet fordi dei frå naturen si sider er utrusta med eit roleg, stødig temperament og god helse. Føresetnadene for å skape trygge og gode hestar til bruk for born, unge og uerfarne hesteeigarar er spesielt gode.

Dei nasjonale hestesentra er ein god arena for utdanningsprosjektet fordi dei har kompetanse og erfaring til å kunne stalle opp og utdanne unge hestar til å verta trygge brukshestar tilpassa den bruken som marknaden i Noreg etterspør. 

 Det er gjort mykje arbeid med planar for korleis ei unghestutdanning bør vere med tanke på alder, innhald, krav til handtering, trenarar m.m., men ein har ikkje hatt mogelegheit til å teste ut  Gjennom forprosjektet vil ein skaffe meir kunnskap om ressursbruk, økonomi, nytte og praktisk gjennomføring. Ei arbeidsgruppe vil følgje prosjektet og hestane som er med.

 Målet med forprosjektet er å hauste erfaringar og dokumentasjon slik at ein står att med utkast til utdanningsløp og det unghestane skal gjennom. Dette gjeld mellom anna dagleg handtering, tilvenning til utstyr, tømmekøyring, innkøyring, innriding m.m. Erfaringane frå forprosjektet vert viktige for å etablere permanent tilbod om utdanning av kvalitetshest

 I forprosjektet vi vi ha to utdanningsperiodar: oktober til ca 15. desember, 15. januar - 15 mars. Det kan vere aktuelt for enkelte hestar å delta i begge periodane avhengig av kva utdanningsmålet er.

 

Gunnar Bruland er fagleg ansvarleg for treningsplanane og Norsk Fjordhestsenter har ansvar for dagleg handtering og oppfølging av dei indiviuelle treningsplanane som for kvar hest. Det vil vere god kommunikasjon med eigarane gjennom utdanningsperioden.

 

Etter kvar utdanningsperiode vil vi ha ein felles salsdag for hestane i prosjektet. Hestane vert også marknadsført på eiga side med film og bilete undervegs i utdanningsperioden dersom eigaren ønskjer det.

 

Deltakarane i forprosjektet betale berre oppstallingskostnader (2775 kr per mnd, inkl mva), og kostnader til evt skoing og veterinær. Øvrige kostnader i forprosjektet vert dekt av Norsk Fjordhestsenter og støtte frå Hestehjelpskassa.

Kan dette vere aktuelt for din unghest?

Søk på vedlagt søknadsskjema innan 15. oktober. Dei hestane som kjem med i prosjektet vert kontaktaså snart som råd etter fristen. Dei som ikkje kjem med i fyrste omgang kan vere aktuelle seinare.

 Kravt til hestar i pilotprosjektet:

- Nasjonal rase.
- Hoppe eller vallak
- Unghest, 2 til 4 år.
- Det er ønskeleg at hestane har vore vist på føllskue eller unghestutstilling.

 

 

Alle hestar som skal stallast opp hos Norsk Fjordhestsenter AS skal ha gyldig vaksinasjonsattest. Hestar med lyter (eks. krybbebitt, veving, vindsluking), blir ikkje tatt inn i prosjektet. Vi anbefalar at hestane er forsikra.

 

 

Send inn søknadsskjema til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. så snart som råd.

 

 

Kontaktperson ved spørsmål: Magni Hjertenes Flyum, Norsk Fjordhestsenter, tlf 93422756