• IMG_0442.JPG
  • received_630631250694329.jpeg

Svangstu Fardølen  - resultat av sædtesten

Foto: Rina Sørensen

Avlsutvalget har vore i kontakt med Ragna F. Thomassen ved NVH, som har ansvaret for gjennomføring og vurdering av sædtesten til Svangstu Fardølen (2.pr 1.kval). Undersøkinga vart gjort på bakgrunn av manglande resultat etter bedekningssesongen 2018, og det førelåg derfor krav om godkjent sædtest før Fardølen eventuelt kunne fornye sin avlsgodkjenning.  

 

Foto: Rina Sørensen

Ragnar Thomassen uttaler resultatet av undersøkinga av Svangstu Fardølen slik: "hingsten har opptrådt og fungert som forventa av ein hingst, og både mengde sæd og sædkvaliteten  er normal for ein 4 åringshingst". Med dette kan Styret i LD meddele at Fardølen har avlagt godkjent sædtest, og får fornya sin avlsgodkjenning.  Styret ynskjer både eigarane og Fardølen lykke til i kommande sesong!

Fardølen står i Sogndal i vårstasjon hjå Steinar Hofslundsengen. Kontakt Steinar pr. tlf 415 10 814.  
 

Vi ber om at medlemmar og andre tek kontakt med styret for eventuelle spørsmål, då diskusjon og spekulasjoner på sosiale medier ikkje er ønskeleg.
- Styret - 

SPONSORER FOR LANDSLAGET FOR DØLAHEST 2019-2021