SOGNDAL HESTEALSLAG

Dølahestmesterskapet 2015 - Deltakarar frå Sogndal hestealslag

Representantane frå Sogndal Hestealslag gjorde det bra på årets Dølahestmesterskap (DHM) på Stav, Tretten i Gudbrandsdalen 12.-14. juni. Med over 60 enkeltstartande i mesterskapet var det stor konkurranse.
Monica Helland med Mai Viljar starta for første gang på DHM og vann Lett C dressurkøyring. Dei deltok og i presisjonskøyring og bruksriding med flott innsats.  Siri H. Hatlevoll og Elva Vind vann Lett B presisjonskøyring og kom på 2. plass i Lett B dressurkøyring. Dei rei og ein fin runde i bruksridinga.
Daniel E. Olsen starta Lett B presisjonskøyring for junior med Mayasokken og køyrde ein flott runde!
Jeanett Skophamar og Mayasokken starta i alle greiner og kjempa om å forsvare Dølahestmester-tittelen frå i fjor. Dei vann MB dressurkøyring og vart Greinmester i køyring (dressur+presisjon). I dressurriding og bruksriding kom dei på 7. plass. Mayasokken og Jeanett vann brukshestkøyringa som var siste avgjerande grein. I brukshestkøyringa er det om å gjere å få minst muleg straffepoeng i bana. Jeanett og Mayasokken køyrde i mål med 0 straff, noko som er første gang i mesterskapets historie! Dei fekk 2. plass i Greinmesterskapet for brukshest og 2. plass i Dølahestmesterskapet samanlagt for senior.
Gratulera til dei flotte ekvipasjane frå Sogndal Hestealslag!

Samla gjeng Representantane frå Sogndal Hestealslag sankar premiar.

Sokken Jeanett Skophamar og Mayasokken. Groom Daniel E. Olsen.

Viljar Monica Helland og Mai Viljar

Vinden Siri H. Hatlevoll og Elva Vind