Merknad

Folder doesn't exist or doesn't contain any images

SOGNDAL HESTEALSLAG

Sogndal hestealslag og Jøkul islandshestforrening arrangerer felles tur.

Helga 16-18 august er turen planlagt til Sota Sæter. På heimesida til Sota ligg ei brosjyre med litt historie om plassen, tegning av tunet og turløypene rundt Sota. http://sotaseter.turistforeningen.no/ Døgnpris pr pers med middag og frukost vert ca 663,-

Brosjyre : http://www2.turistforeningen.no/files/DNT-Oslo/Betjente%20hytter/sota%20seter/SotaSeter_130x130.pdf

Løypa me har tenkt er at me kan parkere ved Næpholet fredag ( der stien til Kollungen startar, sjå kart i brosjyre) og køyre/ri innover til Sota Sæter som er ca 13 km. Nå me er framme vert det servert middag. Middag vert servert kl 20.30. Då må ve vera startklare kl 18.00 frå Næpholet. Er det nokon som vert seinare kan dei køyre heilt fram med bil.

Laurdag etter frukost tek me turen viare innover dalen til Mysubytta som ligg ca 6 km frå Sota. Her kan me grilla og slappe av! Middag igjen på kvelden og retur til Næpholet søndag. Det er grusveg på heile denne turen.

 

Påmelding  til Hilde Kristin Valland på tlf 47658919 innan 10. august 2013.

Tags: dølahest tur islandshest

Lørdag 13 Juli var det slåttedag på Sogn Folkemusem på Kaupanger. Fyrst vart det vist slått med Langorv og Stuttorv  og hesjing på gamlemåten. Etterpå vart det vist slåing med Hesteslåmaskin og Sleperive. Det var Dalastølssvarta til Johannes Opheim som var i aksjon, Kjell Elvagjeng styrte taumane med sikker hand med  slåmaskina og  Edvin Orrestad viste kjøyring  med sleperive.  Er flott og sjå arbeidet bli utført med vante nevar, tydleg att desse karane har gjort detta mykje før.

DSC_0242[2]DSC_0250[2] DSC_0252[2] DSC_0255[2]

Tags: Slåttedag dølahest

Sogndal hestalslag planlegg fellestur med hest helga 16-18 august. Turen vil gå til Sota Sæter, der me har fått reservert gjesthuset og vil få hytter/rom etter behov. Ca pris for overnatting, med middag og frukost kr 663 pr.person pr døgn, halv pris for born.

Meir informasjon om påmelding og turopplegg vil komma seinare, så set av helga allereie no.

Les meir om Sota sæter her : http://sotaseter.turistforeningen.no/

Innkalling til årsmøte i SOGNDAL HESTEALSLAG ÅR 2012 i lokalet til Hofslundsengen Trafikkskule. fredag 08. mars 2013 kl 20:00.

 

Sakliste :

1. Godkjenning av innkalling og sakliste

2. Val av ordstyrar og sekretær

3. Val av to til å skriva under møteboka

4. Godkjenning av årsmelding for 2012

5. Godkjenning av rekneskap for 2012

6. Hingst / Hingstenemnd 2013

7. Fastsetjing av springpeng for 2013

8. Kombinert Unghestsjå/hoppeutstilling 2013

9. Aktivitetar/terminliste

10. Godtgjersle til styresmedlemene

11. Val av nytt styre

12. Val av årsmøteutsendingar

13. Ymse orienteringar

Det vert ei enkel servering på årsmøtet.

Styret ynskjer alle medlemmar velkomne til årsmøtet!

SPONSORER FOR LANDSLAGET FOR DØLAHEST 2019-2021