SOGNDAL HESTEALSLAG

Representantane frå Sogndal Hestealslag gjorde det bra på årets Dølahestmesterskap (DHM) på Stav, Tretten i Gudbrandsdalen 12.-14. juni. Med over 60 enkeltstartande i mesterskapet var det stor konkurranse.
Monica Helland med Mai Viljar starta for første gang på DHM og vann Lett C dressurkøyring. Dei deltok og i presisjonskøyring og bruksriding med flott innsats.  Siri H. Hatlevoll og Elva Vind vann Lett B presisjonskøyring og kom på 2. plass i Lett B dressurkøyring. Dei rei og ein fin runde i bruksridinga.
Daniel E. Olsen starta Lett B presisjonskøyring for junior med Mayasokken og køyrde ein flott runde!
Jeanett Skophamar og Mayasokken starta i alle greiner og kjempa om å forsvare Dølahestmester-tittelen frå i fjor. Dei vann MB dressurkøyring og vart Greinmester i køyring (dressur+presisjon). I dressurriding og bruksriding kom dei på 7. plass. Mayasokken og Jeanett vann brukshestkøyringa som var siste avgjerande grein. I brukshestkøyringa er det om å gjere å få minst muleg straffepoeng i bana. Jeanett og Mayasokken køyrde i mål med 0 straff, noko som er første gang i mesterskapets historie! Dei fekk 2. plass i Greinmesterskapet for brukshest og 2. plass i Dølahestmesterskapet samanlagt for senior.
Gratulera til dei flotte ekvipasjane frå Sogndal Hestealslag!

Samla gjeng Representantane frå Sogndal Hestealslag sankar premiar.

Sokken Jeanett Skophamar og Mayasokken. Groom Daniel E. Olsen.

Viljar Monica Helland og Mai Viljar

Vinden Siri H. Hatlevoll og Elva Vind

Dei som ynskjer å bestille nye lagsjakker (softshell) må sende epost/sms til Reidun Hågvar tlf 95202572 epost : Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. innan 2.april 2015.

Jakkene er i dame og herremodell. Herremodellen er litt lenger enn damemodellen. I størrelse er dei nesten like som dei brune og svarte softshell jakkene frå tidlegare.

IMG_1511 Softshelljakker

Innkalling til årsmøte i SOGNDAL HESTEALSLAG ÅR 2014

i lokalet til Hofslundsengen Trafikkskule.

Fredag 13. mars 2015 kl 20:00.

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av ordstyrar og sekretær 3. Val av to til å skriva under møteboka 4. Godkjenning av årsmelding for 2014 5. Godkjenning av rekneskap for 2014 6. Hingst / Hingstenemnd 2015 7. Fastsetjing av springpeng for 2015 8. Utstilling 2015 9. Aktivitetar/terminliste - NM brukshest og skogshest 2016 10. Godtgjersle til styresmedlemene 11. Val av nytt styre 12. Val av årsmøteutsendingar 13. Årleg leige på anlegget på Kaupanger og ansvarsforhold på brakka. 14. Ymse orienteringar Det vert ei enkel servering på årsmøtet.

Styret ynskjer alle medlemmar velkomne til årsmøtet!

Tags: årsmøte sogndal

Her kjem litt bilete og omtale av nokre av hestane som var på utstilling på Kaupanger 07.09.13.

 

Bronsi3

 

Bronsi  , Eigar: Kjell Elvagjeng.

Hoppe av særs god type, pent hode. Vel ansatt hals. Velliggande bog, svært god bakpart og rygg. Korte kodar ellers gode bein. Svært gode bevegelsar. Karakterar : 9-9-8-9,5-9-10. 1 premie og nr 1 i kvalitet.

 

Bronsi

 

Bronsi vart og dagens hest!

 

 

 

 

 

Gjerde

 

Maibruna, Eigar : Torhild H. Gjerde

Hoppe av meget god type, pent hode. Velforma hals. Meget got bakpart og godt muskelsatt. Litt flate framkne, steile bakkoder. Ellers gode bein. Særdeles gode bevegelsar.

Karakterar: 9-9-8-9-9-10

1 premie og avkomsbedømmelse A.

 

FF Dalasilja- Eigar : Jeanett Skophamar.

Oppsynt hoppe av meget god type. Pent hode, middels lang hals. Framskoten skulder. God muskelsetning, elles meget god kropp. Rette hasar ellers gode bein. Vegvinnande gode bevegelsar i skritt og trav.

Karakterar : 9-9-8-9-9-10

2 premie og ne 1 i kvalitet

Dagens beste køyreprøve med 48p.

 

Tåbba Tåbba Eigar : Steinar Hofslundsengen

Meget god type, pent hode, vel ansatt hals. Toppa kryss. Meget god muskelsatt lår og bakpart. Godt markerte ledd, tåtrang høgre framme. Rette hasar. Svært gode bevegelsar

Karakterar : 9-8-8-10-9-9

2 premie og nr2 i kvalitet

 

Tåbba2

 

 

 

 

 

 

 

 

Johannes

 

 

Maisilja Eigar: Johannes Opheim.

Hoppe av god type, pent hode. Middels lang hals, tendens til underhals. Elles meget god kropp, litt flate framkne. Spent overlinje. Aktive bevegelsar.

Karakterar : 8-8,5-8-7-8-10

3 premie.

 

Maisilja

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jegerslettas maistjerna

 

Jegerslettas Maistjerna, Eigar : Mona Kristin Hagen

Hoppe av god type, pent hode, velforma hals. Godt muskelsatt, gode musklar i bakpart. Tåvid venstre framme, korte kodar framme og bak. Vegvinnande bevegelsar i skritt og trav.

Karakterar : 8-8,5-7-8-8-10

2. premie og nr.2 i kvalitet.

 

Alma stjerna Alma Stjerna, Eigar Anja L Haugen

Hoppe av god type. Pent hode velforma hals. Godt muskelsatt kropp. Spe meng elles gode bein, fyller haser bak. Vegvinnande ledige bevegelsar.

Karakterar : 8-8-8-9-8

Sløyfe og nr.1 i kvalitet

 

 

Vesle marta Vesle Marta, Eigar Steinar Hofslundsengen.

Hoppe av god type, pent hode. Velforma hals, god kropp. Tåtrang begge framme, elles gode bein. Avspent skritt, bedre trav.

Karakterar : 8-8-8-7-8

Sløyfe og nr.2 i kvalitet

 

 

 

 

Tags: Hoppeutstilling Utstilling

SPONSORER FOR LANDSLAGET FOR DØLAHEST 2019-2021