God stevnesesong for sogndalsgjengen i 2021

Eindel av Sogndal Hestealslag sine medlemmar kan sjå tilbake på ein svært aktiv fjorsesong,
tross coronasituasjonen me har måtte ta hensyn til.

En del av sogndalsgjengen.

Fleire av medlemane deltek og er ivrige med trening, kurs og konkurannse. Det er arrangert
fleire kurs både i kjøring og ridning. Nokon av instruktørane som har hatt kurs dette året er
Camilla Johnsrud og Marianne Sandbakken. Itilleg har dei saman med Sogndal Kjøre og
Rideklubb vore utrulig heldig og fått Trine Jepsen som fast instruktør nokre gonger i veka.
Dette gir resultat!


Deltakarar frå laget har representert i NM brukshest, NM Kjøring, Haustfest for Dølahest,
Dølahestmesterskapet og Nordisk Baltisk Mesterskap i Danmark. På meir lokale stevner har
medlemane vore godt representerte med både døl , fjording og andre rasar. Her kan du
finna dølahesten på dei fleste startlister i nesten alle greiner.

Jeanett Skophamar og Vår Mynt

Til Nordisk i Danmark 22-25/7 var Marta Valland Hofslundsengen ein av dei norske som var
uttatt for Norge og reiste avgarde. Agna Hollekve var sjåfør m hestelastebilen sin og ho
grooma for Marta. Dotter til Agna , Hanne, var heiagjeng!
Marta fekk gode plasseringar i både dressur, maraton og i pressisjon vant ho suverent.
Dette resulterte i gull samanlagt i Young Driver klassen og det norske Young driverlaget tok
sølv i lagkonkuransen

Marta Valland Hofslundsengen og Tåbba.

NM BRUKSHEST 6-8/8-21 på Karmøy reiste Agna, Hanne og Marta.
Her gjorde vår dyktige junior Hanne Hollekve reint bord og vannt samnlagt med lånt hest i
sin klasse.


Agna sin hest vart sjuk like før stevnet og ho reiste med pensjonerte og utrente “Ronny
Ponny”. Dei kunne sakene sine og vannt samanlagt seniorklassen.
Marta og Tåbba fekk også gode plasseringar.

Agna Hollekve og Vårlenda

NM KJØRING på Biri 10-12/9.
Her var det Marta og Tåbba som deltok. Dei hadde jamne resultat som resulterte i 3.plass
samanlagt.
Ho vart med dette teken ut saman med andre kuskar til kjøreoppvisning under Oslo Horse
Show .

HAUSTFEST FOR DØLAHEST 4-5/9 i Kongsvinger.
Jeanett Skophamar reiste med hesten sin Vår Mynt ,kalla“Elling”. Groomen hennar var
Karoline Fet som stillte trufast opp som vanlig.
Her vart resultata så gode att dei vannt alt samanlagt!

Litt av en sløyfesamling til Jeanette Skophamar og Vår Mynt under DHM 2021!

DØLAHESTMESTERSKAPET 7-10/10 i Sarpsborg.
Hit reiste 3 ekvipasjar med sine groomar.
Jeanett og Vår Mynt i seniorklassen og Hanne og Vårlenda i junior vant samanlagt og vart
Dølahestmester i kvar sine klassar. Martaog Tåbba fekk gode plasseringar.
Og Agna som berre skulle grooma og hjelpa dotter si denne helga fekk låna seg ein hest der
eigaren måtte reisa frå stevnet og Agna tok 2.plass i brukshestkjøring.
.
Prestasjonane til denne gjengen har gjeve resultat:
Hanne Hollekve er med sine gode resultat utnemd som Årets Nykommar i sportskjøring i
Rytterforbundet og mor hennar Agna vart årets groom.


Årets dølahest vart Tåbba og god nummer to vart Vår Mynt til Jeanett.

Gratulerer til alle sammen for flotte resultater under stevnesesongen 2021!